Vertical Garden
Eg byggjer oppgåva mi på byplanlegging og arkitektur med klima i endring som utgangspunkt. Ved å visualisere vertikal hage opnar det for å sjå nye muligheter som kan være en berikelse for det urbane livet.
Klimaet forandrar seg om ein vil det eller ei, og det er ein nødt til å forholde seg til no og i framtida. Vi tenkjer meir og meir på konsekvensane av klimaendringane og mange tiltak vert gjort for at Norge skal bli et mer klimavennleg land. Det fins fleire og fleire grøne veggar og grøne tak og stader for å dyrke sjølv. Dette har mange positive effekter for bymiljøet.
Bacheloroppgåva handlar om korleis ein kan bruke byrommet for å utnytte plassen mellom bygga, skape visuel spenning og nyttig bruk. Det skal være ein stad der ein får nærhet til planter, mangfald og gjere naturen til ein del av kvardagen.
For å forstå kva naturen har å sei og kor viktig den er, er det ein god start å integrere naturen i kvardagen. Ved å integrere natur i byane på spennande måtar, kan ein auke bevisstheten rundt den. Vi er ein del av naturen, og naturen bør eksistere og utvikle seg på lik linje med mennesket. Vi kan bruken den til å produsere lokalmat og få eit enklere liv som gir mening og verdi. Jobber vi mot naturen jobber vi mot oss sjølv.
Når ein først skal starte med plantevegger og plantetak kan ein også prøve å bruke kreativiteten litt og skape noko meir givande med flere muligheter til å betrakte og bruke plantane.
Fleire jobber mot ein verden i balanse med naturen. Det skapar reinare luft og fanger svevestøv. Vertikale hagar gir store fordelar i forhold til bruk, felleskap og visuelle inntrykk. Etter kvart kan dettte gi mindre tap i mangfold, mindre matsvinn, mindre transportering av matvarer, mindre einsemd og meir natur.
Ein vertikal hage bryt opp dei rette grensene mellom arkitekturen og kan plasserast frittståande eller koplast saman med fasade. Ved å jobbe med hage på denne måten utvidast arealet ein tenkjer på som bruk til hage, og ein får ein grønare by med meir insekter, fugler og mangfold som kan gi mindre problem for det komplekse økosystemet vi lever i.
Kvifor?
Måten vi produserar nye ting på i dag handlar ikkje lenger om å skape kvalitet som varer i generasjoner, det handler meir om å produsere for økonomisk vekst. Når økonomisk vekst er i fokus handler det ikke lenger om menneske, planeten og ressursane vi har, men meir på å heile tida ha ein vekst. Vi brukar og kastar som om ting ikke lenger har verdi. Denne måten å leve på, samtidig som vi har ein konstant befolkningsauke seier seg sjølv at ikkje held mål når det gjeld bærekraft og ressursar. Dette er ein umenneskelig måte å leve på, når alt vi gjær skadar oss sjølv og andre.
Ein kan sjå på oss menneske som ugras - som tar, vil ha meir og aldri får nok. Å jobbe mot ei verd som ikkje jobbar mot seg sjølv, er ein meir human måte å utvikle seg på. Forbruket vårt tærer på naturresursane som igjen kan føre til at resursane forsvinn. Dette er ting vi mennesker ikkje kan erstatte som ikkje lønner seg økonomisk eller økologisk i lengden. Som Buckminister Fuller sa må vi innsjå at ikkje alt handler om å tjene pengar.1
Er det naturen som styrer oss, eller er det menneskeskapte kriterier som skal styre oss?
I den situasjonen vi står ovanfor no er det mange grunner til at vi burde begynne å tenke anleis på korleis vi lever og kva som eigentlig har verdi. Enkeltindividets fotavtrykk er viktig og vi har sjølv eit ansvar med å ta vare på det vi har som ikke kan erstattes.2 Vi må setje grenser for grådigheita med økonomisk vekst som motivasjon.
Vi burde slutte å fokusere på ting, forholde oss til mindre, dyrke meir mat lokalt, reparere ting som blir ødelagt, gi vekk ting vi ikkje treng og leve eit enklere liv, der tiden ikkje hele tiden renn ut med jaget etter vekst. På 1900- tallet kom det eit brudd som gjorde at vi ikkje lenger trengte å dyrke jorda for å overleve, slik at vi mistar kunnskap om naturen. Etter dette har vi berre levd livet i ein retning mot jordas undergang.
I urbane område er det store byggningskonstrukjonar og travle gater kor tida berre fyk forbi. Fleirtallet av befolkningen har inntektar fra aktivitetar i den urbane økonomien. Aktiviteter som jordbruk,skogbruk,jakt og fiske er ikkje ein del av det urbane livet. Dette kan på lengre sikt gir konsekvensar for kva som blir sett på som ein verdi og kva som er fremtida si utvikling. Byer har kvalitetar som tilgong på opplevingar, uteliv og handel og alt ein treng i umiddelbar nærhet. Ein slit med at bærekraftig utvikling ikkje er høgt nok prioritert.3
Folk som lever i byen gløymer kanskje at dei og har eit annsvar med å ta vare på naturen. Å ta hensyn til naturen burde må bli like vanleg som å gå på treningsenter og andre aktiviteter. Naturen bør integrast som ein del av vår livsstil og som ein del av omgivelsane.
NORGE
Som målgruppe har eg valg Norge. Vi er eit land med utslippstall som er på vei ned og vi gjer ein større og større innsats for å ta vare på natur og klima. I fremtida må vi bli eit lavutslippsland og endringa er i gang. Vi gjer store satsingar på klima og miljøtiltak for å bli eit grønnare land og bruker over ein milliard kroner på dette i årsbudsjettet.4 Med den kunnskap og teknologi vi har, burde vi være eit forbilde innan grønn utvikling. Det er mange land som ligg framfor oss i utviklinga og vi treng å få opp farta.
For å visualisere forslag til vertikal hage, tar eg for meg to ulike stader i Oslo. Dette er og byen eg bur i som gjør det enkelt å jobbe med.
OSLO
I 2019 blei Oslo kåra til årets miljøhovedstad av Europakommisjonen på grunn av sine grønne tilbud, utvikling av kollektivtransport, bedring av vatn og avløp, minska forureining og utslipp av karbondioksid og Nitrogenoksider som er helseskadeleg. Bruken av elbiler er høg og miljøpolitikken er god.
I retningen av ein meir miljøvennlig by må vi tenke byplanlegging på anna måte, då bilen ikkje lenger er hovedframkomstmiddel. Dette gir nye retningslinjer for korleis vi bruker byrommet og her må vi og tenke meir grønt. Når vi bruker andre transportmiddler enn bil, blir sansane mer i bruk og måten vi betraktar ting på blir annleis..
Det kjem fleire sykkelfelt og gamle elveløp opnast opp og blir nye parkområder og natur vert ein større del av bybildet. Det er nylig lansert en strategi for grøne tak og fasader som gir større perspektiv for byen sin økologi.
Eg har valgt Schousterasse i Sinsen område ovanfor Carl Berner (lamellblokk område), og den nyaste bydelen( av OSU) Dronning Eufemias gate (barcode) som showcase.
Dei første ideane eg kom med var veldig begrensa fordi eg kun såg problema som følgde ut i frå samfunnet vi lever. For å gjøre det enklare å være kreativ brukte eg utopisk samfunn som base for å kunne strekkje meg. Ved å kartleggje verdiar og kva folk ser på som det perfekte samfunn, fant eg ut at det var viktig å sile ut verdiane som faktisk betyr noko for menneskeheten. Dei verdiane som gjør at vi fortsatt kan leve her i fremtida.
Samfunnets oppbygging fortel kva verdiar vi har og kva verdia vi set fremst. Det vise og kva verdi som øydelegg og kva verdia som er undervurderte. Dette gav meg nye idear som jobba mot ei betre framtid med verdiane eg ser på som viktigast.
Det er monge måtar å setje opp den vertikale hagen. Kven skal ha tilgang om det er privat eller felles.
Når den vertikale hagen skal setjast opp skal det tilpassast beboerane, bygningen og område rundt. Konseptet er fleksibelt og gjør at dette kan tilpassast på alle mulige måtar.
Konstruksjonen kan være åpen, lukka eller det kan være ein kombinasjon. Når formen er lukka blir det eit drivhus. Om ein skulle ønske at noko endrast skal det være lett å kunne plassere inn glass eller fjerne det. Det skal og være enkelt å demontere.
Det er viktig at ikkje konstruksjonen hindrar lys inn i leilighetene og om skal det gi utsikt mot grønne planter og bomster. Siden konstruksjonens flater har glass reflekterast lyset og gjør områdene rundt hagen opplyst.
For å ha tilgang på den vertikale hagen frå bakken må ein ha nøkkelkort. Med mindre det vertikal hage for offentlig areal.